Den barmhjertige sjåføren

31.08.2008
Etter å ha gått eit godt stykke i Barcelona, spurte eg ein drosjesjåfør om kva veg eg skulle gå for å finne vegen ut av byen. Då eg fortalte han om haikeprosjektet, vart han heilt gira, og sa han ville køyre meg til ein bra plass, for han var akkurat ferdig på jobb.. Og eg skulle ikkje betale ein einaste euro for turen! Eg hoppa inn i drosja og vi køyrte eit godt stykke..

Plutseleg køyrte mannen inn i eit parkeringshus.. Eg fatta ingenting og lurte på om mannen hadde lumske planar.. Men han virka ikkje å være av den tvilsame typen.. Drosjesjåføren peika på ein parkert bil, og gav meg teikn om at eg kunne gå ut av bilen.. Då såg eg teikninga - i lojalitet til sjefen sin ville ikkje han bruke drosja til å køyre meg, så han skulle berre bytte til sin eigen bil!

Vi sette oss i bilen og køyrte vidare.. Vi kom så til den største trailersentralen eg nokon gong har sett! Så no ventar eg på ein trailar som skal i rett retning.. ;)

1 kommentarer:

  1. sirBull sa...

    Konge André! Isi pisi! :D

    søndag, august 31, 2008  

Legg inn en kommentar