Stuck in a moment

23.08.2008
Ny dag med nye umuligheiter! Vi prøvar no å kome oss gjennom ein by som heiter Toulose. Det er ei utfordring, for skal vi tilbake til hovudvegen, er det beste å få haik med ein trailer, men det er ikkje lett i helgene! I dag har sjåførane kviletid og i morgon er det forbudt med tungtransport på dei franske vegane. Ei anna utfordring er at ferien i Frankrike er over, så mange av privatbilistane er fulle med bagasje. Men vi må vekk frå denne byen. I går fekk vi haik med ein trailersjåfør på 19 år til denne staden, noko vi var glade for, intetanande om at vi kom til det mest belasta strøket i byen. Ein samlingsplass for horer, homofile og sigøynerar med andre ord. Ho har vi gått til fots til ein tryggare stad, men det er framleis vanskeleg å få haik.. Men vi fekk ein pakke med M&M og ein pakke med Pringles i går, så vi har det ikkje så verst! ;)

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar