Artikkel i Vårt Land

30.07.2008
I dag, 30.juli kan du lese en artikkel om haiketuren vi har planer om å dra på. Torgeir var på intervju for en liten stund siden, og nå ser det ut som om saken var klar.

Brev frå Det Kongelige Hoff!

29.07.2008

I dag låg det eit brev i postboksa mi. Det var ikkje eit heilt vanleg brev. Det var nemleg eit brev frå Det Kongelige Hoff!

For omtrent ei veke sidan, sende eg nemleg ein førespurnad til Slottet der eg lurte på om dei kunne tenkje seg å sponse prosjektet vårt, anten ved hjelp av ei pengegåve eller ei helsing frå Hans Majestet Kong Harald. Svaret fekk eg i dag.

I brevet stod det etter ei lita innleiing: "Dessverre må jeg meddele at anmodningen ikke kan imøtekommes". Vel vel.. Det var vel verdt forsøket.. =)

Elles kan eg nemne at eg har gjort ein meir eller mindre forpliktande avtale med ein telefonseljar om å plukke oss opp på ein bensinstasjon i Oslo for å køyre oss til Svinesund. Eg er ikkje heilt optimistisk, men det hadde vore sjef om ho dukka opp! ;)

Så med andre ord: Det skal ikkje stå på marknadsføringa! ;)

Hvem er vi?

25.07.2008
Du lurer kanskje på hvilke personligheter som kan finne på å haike seg til et annet kontinent uten penger? Vel, vi mener vi kun er to helt vanlige karer som bare vil gjøre noe nytt. Vårt slagord for turen må vel bli "Hvis vi klarer det, klarer alle!". For å gjøre det litt klart om hvilke personligheter vi er, tenkte vi det kunne være morsomt å skrive litt om hverandre.

Jeg tenkte jeg først skulle fortelle litt om hvordan min oppfatning av André er:

Navn: André Sæter
Sivilstatus: Single
Høyde: 183cm
Vekt (før turen): 104kg
Yrke: Kateket i Volda Prestegjeld
Favorittpølse: Chili- og ostepølse
Beste hittil i livet: Den raude tråden som har gått løpsk

André Sæter (som han heter) er en svært sosial person. Mange vil vel kanskje regne han som litt for sosial noen ganger, i og med at det er skjeldent man klarer å få tak i han. Han har aldri mobilen på seg, og tar ting litt som de kommer (eller kommer seinere). Vil du planlegge noe, bør du være ute i god tid, for André har som oftest fullt program hele uka. Jeg vil vel påstå at André er flink til å snakke for seg! Han er svært reflektert, og veit hvor han står på de aller fleste områder. Dette fører ofte til interessante diskusjoner eller meningsutvekslinger som kan få den smarteste personen til å reflektere over livet en ekstra gang.

André er en person som passer inn i de aller fleste miljøer. Han er tilpasningsdyktig og kan like gjerne være med på et lystig lag som å sitte stille på et møte. Hvis det er en person jeg gjerne kunne tenke meg å reise med, må det være André. Når man skal være så tett oppå hverandre så lenge, er det viktig at man ikke oppsøker problemer. Heldigvis er ikke dette noe problem, for det blir aldri noen problemer med André. Han er en fin fyr på alle måter! Med andre ord en allsidig person som stadig tar nye utfordringer til hverdags og til fest! En livlig person som er lett å like, og forhåpentlig enda enklere å haike sammen med!

-------------------------------------------------------------------------------------------------
Navn: Torgeir Bull
Sivilstatus: Single
Høyde: 193cm
Vekt (før turen): 112kg
Yrke: Animasjonsstudent
Favorittpølse: Sånn rødvinspølse med krydder rundt
Beste hittil i livet: Saltsjøen i Bolivia

Min gode venn Torgeir Bull er ein person ein rett og slett blir glad i frå første stund. Førsteinntrykket mitt var ein roleg og avbalansert ung mann som var reflektert og kunnskapsrik. Ein god mann å prate med! Litt sann kosegutt kanskje, som kvinnene berre må bli glad i. No har eg lært at dette stemmer, men han er samtidig ein aktiv og impulsiv type med skikkeleg stå-på-vilje. Når ein kjenner Torgeir, forstår ein at desse eigenskapane faktisk kan samlast i ein og samme person. Han er ikkje ein person som vekslar mellom ytterpunkta, men rett og slett ein mann med stor spennvidde. Ein allsidig type rett og slett. Han har alltid noko å bidra med!

Eg ser på Torgeir som ein nysgjerrig type som ikkje slår seg til ro med å ikkje finne ut av ting. Ting må oppdagast og utforskast, og gjerne øvast inn om det er mogleg. Effektiviteten hans har fascinert meg. Slik eg opplever han, er han ein mann som får ting gjort. Og ein som får gjort mange ting.

Livet til Torgeir ser eg ikkje føre meg som ei bein linje av ein raud tråd, men eit sikk-sakk-mønster med mange fargar, som til slutt blir eit fint bilde.Med tanke på haiketuren, så trur eg at eg skulle fått store problem med å finne ein betre haike-makker. Vi har mange felles interesser og er ulike nok til at vi neppe kjem til å kjede oss. Og sist men ikkje minst: Eg trur vi tenkjer likt når det gjeld å tenkje positivt, og tenkje utfordring i staden for problem når ting strittar litt i mot. Kort sagt: Torgeir er ein kar eg ser veldig fram til å reise saman med! =)

Ære være arbeidsstaden min!

23.07.2008
Eg vil berre rette ei stor takk til arbeidsstaden min - Volda Kyrkjelege Fellesråd - for stor romslegheit i forhold til denne turen! Dei har oftra mykje for å hjelpe meg med å få haikeprosjektet på plass, ikkje minst ved å i det heile tatt la meg få fri (permisjon/ferie) frå jobben min som kateket i reiseperioda. Tvilar på mange arbeidsstadar hadde vore så velvillige til å få ein så vanskeleg kabal til å gå opp!

André har vært på radio!

21.07.2008
I samme linje som Torgeir, har André også klart å lage litt medieliv! Det er NRK Møre og Romsdal som var interesserte i å lage en sak om turen. Til forskjell fra all "overlevelsesfaktaen" Torgeir snakket om, tok André for seg mer av planene rundt selve prosjektet, og heldigvis klarte han seg bedre enn Torgeir...








You get what you give?

17.07.2008
Eg likar godt eit ordtak som heiter "You get what you give!". Men så slo det meg: "Kva i alle dagar kan vi gi på haiketuren? Ein pastill? Ein slitt sko? Ein spiker?"

Vi har fundert litt på det. Materielle ting kan vi berre gløyme. Vi kjem rett og slett ikkje til å ha ein ting til overs i ryggsekkane våre. Men så slo det oss: "Vi kan være gatemusikantar!"

Undervegs tenkjer vi altså å levere mange spektakulære gatekonsertopplevingar! Om det ikkje blir så fint å høyre på, kjem vi om ikkje anna til å brenne fast eit bilete i minnet på dei tilfeldig forbipasserande! Så noko kjem dei iallfall til å site att med der ned i landa..

Så var det dette med instrument. Eg tok turen innom den vesle musikkforretninga "MinMusikk" i Fosnavåg og spurte om eit godt tilbod. Men valget var vanskeleg..
Det første alternativet eg kom over, var nemleg denne fantastiske lilla jente-gitaren med bilete av ein Ponny på! For ikkje å snakke om den opp-ned-hesteskoen heilt i enden på halsen! Då eg høyrte at ei lita jente hadde så lyst på den, vart det ein litt for kynisk tanke for meg at ein mann på 23 år skulle stikke av med den..Derfor enda eg opp med denne gitaren. Den har i tillegg stålstrengar, så ein får litt meir lyd frå den enn kva den herlege Ponny-gitaren kunne levert.. Men det stoppar ikkje der! I samme slengen, kjøpte eg ei munnharpe.

Så då blir det opp til dykk å tenkje seg fram til resultatet: To ubarberte skitne menn, ein gitar, ein melodica og ei munnharpe.. =)
Så takk til MinMusikk for god rabatt på gitar, gitarbag, gitarstemmar og munnharpe!
Noreg, Sverige, Danmark, Tyskland, Frankrike, Spania og Marokko helsar også! ;)

Turplanleggjing for full musikk!

16.07.2008
Tidlegare i sommar reiste eg og ein vennegjeng til Spania for å nyte livets glade dager. Fire dagar med sol på to veker og to innbrot i huset vårt på fem dagar, gjorde dei glade dagane litt mindre glade. Dette skrekk-eksempelet av ein tur, har likevel bidrege positivt med tanke på haiketuren vi snart legg ut på..


Inn i mellom regnbygene, klarte eg nemleg å få til ein avtale om spelejobb (les: gitar, munnharpe og melodika) på ein restaurant (bak rundkøyringa på biletet over) i ein liten kystlandsby som heiter Moraira. Utsiktene for eit godt måltid mat er også gode! Så då spørs det berre om vi kjem oss dit.. =)

Ordbøker i boks!


Startdatoen for avreise nærmar seg med stormskritt, og hærskaren med sponsorar, begynner å vakne til live! Mellom anna kan vi nemne at vi har fått på plass to reiseordbøker på fransk og spansk! Saman med ei kart-bok, er nok desse to bøkene vår mest verdfulle bagasje, dersom ein ikkje reknar i kroner og ører, men i nytteverdi. Så vi vil rette ein stor takk til vår kjære bokhandel i Volda, Haugen Bok, for vélvilje og god støtte til prosjektet!

Torgeir på NRK P1 Østfold!

14.07.2008
Torgeir var i dag på intervju hos NRK Østfold i programmet "Morran".

Det må sies at dette ble tatt opp svært tidlig (for Torgeir), og det er derfor han høres relativt trøtt og lite entusiastisk ut. Dette er ikke riktig. Hehe.