Endeleg i gang igjen!

01.09.2008
Då har eg omsider fått haik! Ein triveleg tyskar tok meg på ved ein bensinstasjon utanfor Barcelona, og han gav meg til og med mat og kaffe!

Dette trengte eg, for eg venta nesten eit døgn på haik ved ein trailerpark, før eg bestemte meg å ta beina fatt! Eg gjekk fem kilometer langs ein firefelts motorveg for å kome til bensinstasjonen eg fekk haik..

Då vegvesenet oppdaga meg i vegkanten, sette dei på dei orange blinklysa og køyrte bak meg heilt til eg var framme. Politiet kom også, og dei gav meg løyve til å haike vidare frå bensinstasjonen, sjølv om det eigentleg er forbudt.. Så då er eg i gang igjen! ;)

1 kommentarer:

  1. sirBull sa...

    Haha! Du kødda?! Er det forbudt?!

    mandag, september 01, 2008  

Legg inn en kommentar