Hvor langt haiket vi?

16.09.2008
Vi klarte å haike sammen helt fra Norge til Spania. Vi hadde haiket var 3154km da vi nådde Barcelona. Der splittet vi lag, og André fortsatte å haike videre 1327 kilometer helt til Afrika og Marokko! Med andre ord tok reisa 4461kilometer alt i alt. For en tur!

Hara

Bare litt morro litt utenfor Reims i Frankrike.

Mission Completed!

06.09.2008
Eg kom meg over stredet, og no skal eg straks tilbake. Berre sett på kjøtkakene mamma - no kjem eg heim!

Meir info og bilder frå opphaldet i Marokko og siste del av Spania legg eg ut så snart eg kjem heim..

Med andre ord: "Festen er ikkje over - det er kake igjen!" ;)

MEN målet er nådd! :)




Farvel Europa!


I dette øyeblikk sit eg på ferja til Marokko. Om 40 minutt er målet nådd! ;)

Billetten til Afrika er bestilt! ;)

I morgon er dagen prosjektet vårt blir fullført! Billetten over til det Afrikanske kontinentet er bestilt! Eg fekk den ikkje gratis, men eg klarte å ordne ein liten rabatt! ;)

Afrika neste!

05.09.2008
No er eg snart i mål! Eg fekk som sagt haik i går med ein trailer frå Málaga til Algeciras.. Med andre ord er det berre båten over som står att på reisa!

I dag har eg vore i dårleg form. Magen er god som gull, men eg har vore skikkeleg forkjølt og verker i heile kroppen.. Derfor tok eg meg friheita å innlosjere meg på eit hotell i dag, ein halv dag på forskot, slik at eg kunne kvile litt før eg sett inn siste stikk..

No trur eg forma er god nok til å kome over havet.. Så då stikk eg for å sjå om eg finn ein båt.. ;)

O' hjul med din glede!

04.09.2008
Eg kom i dag fram til Málaga! Sidan eg har vore så heldig med lange haik, bestemte eg meg for å ta ein roleg dag på stranda i dag, og det trengte eg! :)

Då eg hadde fått nok av turistlivet, bestemte eg meg for å fortsette haikinga.. Eg gjekk då bort til eit stort hamneområde og spurte nokre trailersjåførar om kvar dei skulle. Ein av dei skulle til Algeciras, byen eg skal ta båten frå! Eg sette på kattungeblikket, skrudde godhumøret på toppnivået og spurte fint om eg kunne få haik. Han snakka heldigvis litt engelsk, for då fekk eg sjans å forklare litt om opplegget.

Mannen var framleis litt skeptisk, men ba meg kome tilbake seinare i kveld, så han kunne få tenke litt på det. Han måtte uansett få unna kviletida si.

Av erfaring, veit eg at om dei seier at eg må kome tilbake på eit gitt tidspunkt, bør eg kome tilbake i god tid før det, viss ikkje stikk dei av. Så i dag kom eg to timar før han ba meg møte opp. Sjåføren var der framleis, og han sa at eg skulle få bli med til Algeciras! :)

Málaga i sikte!

03.09.2008
Eg har for andre kveld på rad fått haik i siste liten! Eg var på veg for å legge meg, så retta eg for moroskuld ut skiltet det stod "Retning Malaga" på, og vips så stoppa det ein trailer. Sjåføren er sjølvsagt ikkje spansk, men fransk.. :) Så etter ein LANG dag, når eg hadde gitt opp håpet om haik, viste det seg at ting ordnar seg til slutt.. Eg får iallfall site på til ein tettstad som heiter Antequera, men sjansen for å få site på heilt til Málaga er ikkje borte! :)

Ein dag som uteliggar

Etter å ha tilbrakt ei natt i ein park, vandra eg litt rundt for å finne vegen ut av byen. Undervegs sette eg meg ned ved eit bord saman med ein uteliggar. Det var ein kjempekar! Han spanderte mat og pengar på meg - det burde vore omvendt!

Medan eg sat der, innsåg eg kor kalde nokre menneske kan bli. Folk flira av oss eller oversåg oss. I mitt indre flira eg tilbake. Eg har aldri følt meg bedre!

Córdoba

Seint i natt, kom eg fram til byen Córdoba, etter å ha site på med den pratesalige sjåføren Pablo.

Pablo tenkte nok at han skulle være snill, så han køyrte meg så nært sentrum han kunne med traileren sin. Med andre ord fekk byens kriminelle nok ei potensiell skyteskive å bryne seg på.. Men det heile gjekk utruleg fint! Eg fann meg ein park med grønt, mjukt gras og la meg til å sove.. Då eg vakna, var alt i sin skjønneste orden! Så no er målet å kome seg ut av byen og til ein veg som går i retning Malaga.. :)

Pablo

02.09.2008
Å være på haiketur, kjennest ofte ut som å jobbe beinhardt utan å få lønn for det.. Men av og til møter ein lysglimt, og då gløymer ein nesten alt stresset..

Eg har no fått haik, faktisk heilt til ein by som heiter Córdoba som ligg eit godt stykke sør i Spania! Eg begynner faktisk å nærme meg målet!

På grunn av dette, har eg nesten gløymt kor langt eg har gått i dag og kor utruleg mange "nei" eg har fått..

Så no sit eg her saman med Pablo. Han snakkar som ein foss, og eg forstår ikkje eit ord..

Eit typisk døme på språkvanskar..

Endeleg! Etter å ha gått 12 kilometer langs autobanen, kom eg til dette skiltet.. Eg trudde det skulle være 3 kilometer, men så slo det meg at han eg prata meg kanskje hadde sagt 13. Men okey - eg er iallfall snart framme! ;)

Berre ein tanke..

Kvifor høyrer spanlojar på engelsk musikk når dei ikkje kan eit kløyva ord engelsk?

Stum av hjelpsomheit

På andre haikeforsøk, etter ei kald natt under open himmel, fekk eg haik med ein trailersjåfør frå Portugal. Også denne gongen fekk eg haik med ein kjempetriveleg sjåfør! Han snakka engelsk, og frå eg møtte han, snakka vi utan stans! Også han gav meg mat og drikke, så eg lid for øyeblikket ingen nød!

Eg har no komt meg til Madrid. Medan traileren blir tømt for varer, spring no denne trivelege mannen rundt å prøvar å skaffe haik til meg til ein bensinstasjon sør for Madrid! Eg blir nesten stum av hjelpsomheit!

Ein tysk engel

I gårkveld gjekk eg langs motorvegen til ein bensinstasjon. Der møtte eg ein utruleg triveleg tysk sjåfør som skulle til Lisboa. Etter ein liten prat, fekk eg haik til ein trailerpark som ikkje ligg så langt frå Madrid.

Denne sjåføren var utruleg hyggeleg! Han spanderte mat og drikke på meg og gav meg mange gode råd som eg kan få bruk for.. Då vi tok farvel, sendte han med meg ein heil pose med mat, så eg skal iallfall klare med eit par dagar!

André på Osenbanden (igjen!)

01.09.2008
I dag var André på Osenbanden igjen. Denne gangen uten Torgeir...


Vinbrygging i Frankrike

Kvelden utenfor Carcassone hadde vi det fantastisk morsomt. Vi var slitne, sultne og solbrendte. André fant ut at han ville vise oss hvordan man lager vin! Ikke veldig vellykket kanskje, men et godt forsøk, den skal han ha!




Tema-låt for Gratistur!

Vi har vært så heldige at en bekjent av Torgeir har laget en låt vi kan bruke i forbindelse med prosjektet. Eirik Næss har laget en eventyrlig låt om det å dra ut og gjøre noe på egenhånd. Vi takker varmt for låta, og gleder oss til å bruke den videre!

Vi anbefaler alle å ta en lytt til denne fantastiske låta;
Far away from home

Tilbake i Norge...

Da er jeg kommet tilbake til Norge igjen. En utrolig rar følelse. Vi brukte to uker på å komme oss fra Norge til Barchelona, og på tre timer er jeg tilbake igjen... Man skulle kankje tro at ting ikke var så annerledes etter to uker, men jeg har opplevd så mye at det var en litt fremmed følelse å gå tilbake til "hverdagen". Føler jeg det som et nederlag å måtte gi seg så nær målet? Nei, ikke egentlig. Dette har vært den mest fantastiske turen jeg noen gang har vært på (mye på grunn av min fantastiske reisekammerat!), og som jeg kommer til å leve på i mange tiår fremover. Vi kom oss tross alt helt til Spania uten penger, og føler vi kan være stolte! Når forholdene var som de er, er vi begge enige om beslutningen. Selvfølgelig er det kjedelig å ikke kunne kjøre løpet ut, men jeg setter min litt til André som stadig mot all forventning klarer seg!

Jeg har nå lagt ut noen flere biler, og kommer etterhvert til å lage noen små videosnutter. Planen er å lage noen dokumentar-episoder så fort vi får fikset videoen vi har tatt, så følg med!

Endeleg i gang igjen!

Då har eg omsider fått haik! Ein triveleg tyskar tok meg på ved ein bensinstasjon utanfor Barcelona, og han gav meg til og med mat og kaffe!

Dette trengte eg, for eg venta nesten eit døgn på haik ved ein trailerpark, før eg bestemte meg å ta beina fatt! Eg gjekk fem kilometer langs ein firefelts motorveg for å kome til bensinstasjonen eg fekk haik..

Då vegvesenet oppdaga meg i vegkanten, sette dei på dei orange blinklysa og køyrte bak meg heilt til eg var framme. Politiet kom også, og dei gav meg løyve til å haike vidare frå bensinstasjonen, sjølv om det eigentleg er forbudt.. Så då er eg i gang igjen! ;)