Ein tysk engel

02.09.2008

I gårkveld gjekk eg langs motorvegen til ein bensinstasjon. Der møtte eg ein utruleg triveleg tysk sjåfør som skulle til Lisboa. Etter ein liten prat, fekk eg haik til ein trailerpark som ikkje ligg så langt frå Madrid.

Denne sjåføren var utruleg hyggeleg! Han spanderte mat og drikke på meg og gav meg mange gode råd som eg kan få bruk for.. Då vi tok farvel, sendte han med meg ein heil pose med mat, så eg skal iallfall klare med eit par dagar!

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar