Afrika neste!

05.09.2008
No er eg snart i mål! Eg fekk som sagt haik i går med ein trailer frå Málaga til Algeciras.. Med andre ord er det berre båten over som står att på reisa!

I dag har eg vore i dårleg form. Magen er god som gull, men eg har vore skikkeleg forkjølt og verker i heile kroppen.. Derfor tok eg meg friheita å innlosjere meg på eit hotell i dag, ein halv dag på forskot, slik at eg kunne kvile litt før eg sett inn siste stikk..

No trur eg forma er god nok til å kome over havet.. Så då stikk eg for å sjå om eg finn ein båt.. ;)

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar