O' hjul med din glede!

04.09.2008
Eg kom i dag fram til Málaga! Sidan eg har vore så heldig med lange haik, bestemte eg meg for å ta ein roleg dag på stranda i dag, og det trengte eg! :)

Då eg hadde fått nok av turistlivet, bestemte eg meg for å fortsette haikinga.. Eg gjekk då bort til eit stort hamneområde og spurte nokre trailersjåførar om kvar dei skulle. Ein av dei skulle til Algeciras, byen eg skal ta båten frå! Eg sette på kattungeblikket, skrudde godhumøret på toppnivået og spurte fint om eg kunne få haik. Han snakka heldigvis litt engelsk, for då fekk eg sjans å forklare litt om opplegget.

Mannen var framleis litt skeptisk, men ba meg kome tilbake seinare i kveld, så han kunne få tenke litt på det. Han måtte uansett få unna kviletida si.

Av erfaring, veit eg at om dei seier at eg må kome tilbake på eit gitt tidspunkt, bør eg kome tilbake i god tid før det, viss ikkje stikk dei av. Så i dag kom eg to timar før han ba meg møte opp. Sjåføren var der framleis, og han sa at eg skulle få bli med til Algeciras! :)

1 kommentarer:

  1. sirBull sa...

    Åh! Fantastisk gratulerer!

    torsdag, september 04, 2008  

Legg inn en kommentar