Hvor langt haiket vi?
Mission Completed!
Billetten til Afrika er bestilt! ;)
Afrika neste!
I dag har eg vore i dårleg form. Magen er god som gull, men eg har vore skikkeleg forkjølt og verker i heile kroppen.. Derfor tok eg meg friheita å innlosjere meg på eit hotell i dag, ein halv dag på forskot, slik at eg kunne kvile litt før eg sett inn siste stikk..
No trur eg forma er god nok til å kome over havet.. Så då stikk eg for å sjå om eg finn ein båt.. ;)
O' hjul med din glede!
Då eg hadde fått nok av turistlivet, bestemte eg meg for å fortsette haikinga.. Eg gjekk då bort til eit stort hamneområde og spurte nokre trailersjåførar om kvar dei skulle. Ein av dei skulle til Algeciras, byen eg skal ta båten frå! Eg sette på kattungeblikket, skrudde godhumøret på toppnivået og spurte fint om eg kunne få haik. Han snakka heldigvis litt engelsk, for då fekk eg sjans å forklare litt om opplegget.
Mannen var framleis litt skeptisk, men ba meg kome tilbake seinare i kveld, så han kunne få tenke litt på det. Han måtte uansett få unna kviletida si.
Av erfaring, veit eg at om dei seier at eg må kome tilbake på eit gitt tidspunkt, bør eg kome tilbake i god tid før det, viss ikkje stikk dei av. Så i dag kom eg to timar før han ba meg møte opp. Sjåføren var der framleis, og han sa at eg skulle få bli med til Algeciras! :)
Málaga i sikte!
Ein dag som uteliggar
Medan eg sat der, innsåg eg kor kalde nokre menneske kan bli. Folk flira av oss eller oversåg oss. I mitt indre flira eg tilbake. Eg har aldri følt meg bedre!
Córdoba
Pablo tenkte nok at han skulle være snill, så han køyrte meg så nært sentrum han kunne med traileren sin. Med andre ord fekk byens kriminelle nok ei potensiell skyteskive å bryne seg på.. Men det heile gjekk utruleg fint! Eg fann meg ein park med grønt, mjukt gras og la meg til å sove.. Då eg vakna, var alt i sin skjønneste orden! Så no er målet å kome seg ut av byen og til ein veg som går i retning Malaga.. :)
Pablo
Eg har no fått haik, faktisk heilt til ein by som heiter Córdoba som ligg eit godt stykke sør i Spania! Eg begynner faktisk å nærme meg målet!
På grunn av dette, har eg nesten gløymt kor langt eg har gått i dag og kor utruleg mange "nei" eg har fått..
Så no sit eg her saman med Pablo. Han snakkar som ein foss, og eg forstår ikkje eit ord..
Eit typisk døme på språkvanskar..
Berre ein tanke..
Stum av hjelpsomheit
Eg har no komt meg til Madrid. Medan traileren blir tømt for varer, spring no denne trivelege mannen rundt å prøvar å skaffe haik til meg til ein bensinstasjon sør for Madrid! Eg blir nesten stum av hjelpsomheit!
Ein tysk engel
Denne sjåføren var utruleg hyggeleg! Han spanderte mat og drikke på meg og gav meg mange gode råd som eg kan få bruk for.. Då vi tok farvel, sendte han med meg ein heil pose med mat, så eg skal iallfall klare med eit par dagar!
André på Osenbanden (igjen!)
Vinbrygging i Frankrike
Tema-låt for Gratistur!
Far away from home
Tilbake i Norge...
Jeg har nå lagt ut noen flere biler, og kommer etterhvert til å lage noen små videosnutter. Planen er å lage noen dokumentar-episoder så fort vi får fikset videoen vi har tatt, så følg med!
Endeleg i gang igjen!
Dette trengte eg, for eg venta nesten eit døgn på haik ved ein trailerpark, før eg bestemte meg å ta beina fatt! Eg gjekk fem kilometer langs ein firefelts motorveg for å kome til bensinstasjonen eg fekk haik..
Då vegvesenet oppdaga meg i vegkanten, sette dei på dei orange blinklysa og køyrte bak meg heilt til eg var framme. Politiet kom også, og dei gav meg løyve til å haike vidare frå bensinstasjonen, sjølv om det eigentleg er forbudt.. Så då er eg i gang igjen! ;)