You get what you give?

17.07.2008
Eg likar godt eit ordtak som heiter "You get what you give!". Men så slo det meg: "Kva i alle dagar kan vi gi på haiketuren? Ein pastill? Ein slitt sko? Ein spiker?"

Vi har fundert litt på det. Materielle ting kan vi berre gløyme. Vi kjem rett og slett ikkje til å ha ein ting til overs i ryggsekkane våre. Men så slo det oss: "Vi kan være gatemusikantar!"

Undervegs tenkjer vi altså å levere mange spektakulære gatekonsertopplevingar! Om det ikkje blir så fint å høyre på, kjem vi om ikkje anna til å brenne fast eit bilete i minnet på dei tilfeldig forbipasserande! Så noko kjem dei iallfall til å site att med der ned i landa..

Så var det dette med instrument. Eg tok turen innom den vesle musikkforretninga "MinMusikk" i Fosnavåg og spurte om eit godt tilbod. Men valget var vanskeleg..
Det første alternativet eg kom over, var nemleg denne fantastiske lilla jente-gitaren med bilete av ein Ponny på! For ikkje å snakke om den opp-ned-hesteskoen heilt i enden på halsen! Då eg høyrte at ei lita jente hadde så lyst på den, vart det ein litt for kynisk tanke for meg at ein mann på 23 år skulle stikke av med den..Derfor enda eg opp med denne gitaren. Den har i tillegg stålstrengar, så ein får litt meir lyd frå den enn kva den herlege Ponny-gitaren kunne levert.. Men det stoppar ikkje der! I samme slengen, kjøpte eg ei munnharpe.

Så då blir det opp til dykk å tenkje seg fram til resultatet: To ubarberte skitne menn, ein gitar, ein melodica og ei munnharpe.. =)
Så takk til MinMusikk for god rabatt på gitar, gitarbag, gitarstemmar og munnharpe!
Noreg, Sverige, Danmark, Tyskland, Frankrike, Spania og Marokko helsar også! ;)

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar