Turplanleggjing for full musikk!

16.07.2008
Tidlegare i sommar reiste eg og ein vennegjeng til Spania for å nyte livets glade dager. Fire dagar med sol på to veker og to innbrot i huset vårt på fem dagar, gjorde dei glade dagane litt mindre glade. Dette skrekk-eksempelet av ein tur, har likevel bidrege positivt med tanke på haiketuren vi snart legg ut på..


Inn i mellom regnbygene, klarte eg nemleg å få til ein avtale om spelejobb (les: gitar, munnharpe og melodika) på ein restaurant (bak rundkøyringa på biletet over) i ein liten kystlandsby som heiter Moraira. Utsiktene for eit godt måltid mat er også gode! Så då spørs det berre om vi kjem oss dit.. =)

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar