Brev frå Det Kongelige Hoff!

29.07.2008

I dag låg det eit brev i postboksa mi. Det var ikkje eit heilt vanleg brev. Det var nemleg eit brev frå Det Kongelige Hoff!

For omtrent ei veke sidan, sende eg nemleg ein førespurnad til Slottet der eg lurte på om dei kunne tenkje seg å sponse prosjektet vårt, anten ved hjelp av ei pengegåve eller ei helsing frå Hans Majestet Kong Harald. Svaret fekk eg i dag.

I brevet stod det etter ei lita innleiing: "Dessverre må jeg meddele at anmodningen ikke kan imøtekommes". Vel vel.. Det var vel verdt forsøket.. =)

Elles kan eg nemne at eg har gjort ein meir eller mindre forpliktande avtale med ein telefonseljar om å plukke oss opp på ein bensinstasjon i Oslo for å køyre oss til Svinesund. Eg er ikkje heilt optimistisk, men det hadde vore sjef om ho dukka opp! ;)

Så med andre ord: Det skal ikkje stå på marknadsføringa! ;)

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar