Viser innlegg med etiketten sponsorer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sponsorer. Vis alle innlegg

You get what you give?

17.07.2008
Eg likar godt eit ordtak som heiter "You get what you give!". Men så slo det meg: "Kva i alle dagar kan vi gi på haiketuren? Ein pastill? Ein slitt sko? Ein spiker?"

Vi har fundert litt på det. Materielle ting kan vi berre gløyme. Vi kjem rett og slett ikkje til å ha ein ting til overs i ryggsekkane våre. Men så slo det oss: "Vi kan være gatemusikantar!"

Undervegs tenkjer vi altså å levere mange spektakulære gatekonsertopplevingar! Om det ikkje blir så fint å høyre på, kjem vi om ikkje anna til å brenne fast eit bilete i minnet på dei tilfeldig forbipasserande! Så noko kjem dei iallfall til å site att med der ned i landa..

Så var det dette med instrument. Eg tok turen innom den vesle musikkforretninga "MinMusikk" i Fosnavåg og spurte om eit godt tilbod. Men valget var vanskeleg..
Det første alternativet eg kom over, var nemleg denne fantastiske lilla jente-gitaren med bilete av ein Ponny på! For ikkje å snakke om den opp-ned-hesteskoen heilt i enden på halsen! Då eg høyrte at ei lita jente hadde så lyst på den, vart det ein litt for kynisk tanke for meg at ein mann på 23 år skulle stikke av med den..Derfor enda eg opp med denne gitaren. Den har i tillegg stålstrengar, så ein får litt meir lyd frå den enn kva den herlege Ponny-gitaren kunne levert.. Men det stoppar ikkje der! I samme slengen, kjøpte eg ei munnharpe.

Så då blir det opp til dykk å tenkje seg fram til resultatet: To ubarberte skitne menn, ein gitar, ein melodica og ei munnharpe.. =)
Så takk til MinMusikk for god rabatt på gitar, gitarbag, gitarstemmar og munnharpe!
Noreg, Sverige, Danmark, Tyskland, Frankrike, Spania og Marokko helsar også! ;)

Ordbøker i boks!

16.07.2008

Startdatoen for avreise nærmar seg med stormskritt, og hærskaren med sponsorar, begynner å vakne til live! Mellom anna kan vi nemne at vi har fått på plass to reiseordbøker på fransk og spansk! Saman med ei kart-bok, er nok desse to bøkene vår mest verdfulle bagasje, dersom ein ikkje reknar i kroner og ører, men i nytteverdi. Så vi vil rette ein stor takk til vår kjære bokhandel i Volda, Haugen Bok, for vélvilje og god støtte til prosjektet!

Sponsorer

05.03.2008
For å samle inn penger til prosjektet har vi klart å skaffe diverse sponsorer.

Vi har tre typer sponsorer; de som støtter oss med utstyr slik at vi kan gjennomføre turen, de som støtter oss med penger for hver kilometer og de som gir en fast sum til prosjektet.

Her er de forskjellige sponsorene vi har fått hittil:

Rakketad Avis - Gir kr 500,- per reisebrev vi skriver til de. Avtalen er et brev i uka.

Haugen Bok
- En Spansk og en Fransk ordbok.

Min Musikk AS
- 30% avslag på en liten gitar med bærebag, gitarstemmer samt en munnharpe.

Den Norske Kyrkja Møre - Kr 3000-, til prosjektet.

Arild Foto AS - 10 stk videokassetter

Vestlandsnytt - Gir kr 500,- per reisebrev vi skriver til de. Avtalen er et brev i uka.

Vestvang Bokhandel - Kartbok

Ekiosken - Kr 500,-

Den anonyme and - Kr 1000,- til prosjektet

Østby Media - Kr 300,- til prosjektet

Olympic Shipping - Kr 5000,- til prosjektet

Os Menighetskontor - Kr 1500,-

Bestemoren til Torgeir - Kr 500,- til ferge.

Familien til Torgeir - Reiseforsikring og nødvendige medisiner samt regntøy.

Mormoren til André - Kr 500,- til ferge.

Tanten og onkelen til André - Kr 1000,- til prosjektet.

NRK Reiseradioen - Kr 100,- til mat.

Carl Franklin Corneil - Kr 1,- per mil vi klarer å haike.

Hilde Kolås - Kr 500,- til prosjektet

Håvard Malm Geithus - Kr 50,- til prosjektet

Anonym - Kr 500,- til prosjektet




Vil DU være med å sponse turen vår? Ikke nøl med å ta kontakt!
Du kan også laste ned sponsorsjema
HER.

.