Eg vil berre rette ei stor takk til arbeidsstaden min - Volda Kyrkjelege Fellesråd - for stor romslegheit i forhold til denne turen! Dei har oftra mykje for å hjelpe meg med å få haikeprosjektet på plass, ikkje minst ved å i det heile tatt la meg få fri (permisjon/ferie) frå jobben min som kateket i reiseperioda. Tvilar på mange arbeidsstadar hadde vore så velvillige til å få ein så vanskeleg kabal til å gå opp!
André har vært på radio!
21.07.2008
I samme linje som Torgeir, har André også klart å lage litt medieliv! Det er NRK Møre og Romsdal som var interesserte i å lage en sak om turen. Til forskjell fra all "overlevelsesfaktaen" Torgeir snakket om, tok André for seg mer av planene rundt selve prosjektet, og heldigvis klarte han seg bedre enn Torgeir...
You get what you give?
17.07.2008
Eg likar godt eit ordtak som heiter "You get what you give!". Men så slo det meg: "Kva i alle dagar kan vi gi på haiketuren? Ein pastill? Ein slitt sko? Ein spiker?"
Vi har fundert litt på det. Materielle ting kan vi berre gløyme. Vi kjem rett og slett ikkje til å ha ein ting til overs i ryggsekkane våre. Men så slo det oss: "Vi kan være gatemusikantar!"
Undervegs tenkjer vi altså å levere mange spektakulære gatekonsertopplevingar! Om det ikkje blir så fint å høyre på, kjem vi om ikkje anna til å brenne fast eit bilete i minnet på dei tilfeldig forbipasserande! Så noko kjem dei iallfall til å site att med der ned i landa..
Så var det dette med instrument. Eg tok turen innom den vesle musikkforretninga "MinMusikk" i Fosnavåg og spurte om eit godt tilbod. Men valget var vanskeleg..

Det første alternativet eg kom over, var nemleg denne fantastiske lilla jente-gitaren med bilete av ein Ponny på! For ikkje å snakke om den opp-ned-hesteskoen heilt i enden på halsen! Då eg høyrte at ei lita jente hadde så lyst på den, vart det ein litt for kynisk tanke for meg at ein mann på 23 år skulle stikke av med den..
Derfor enda eg opp med denne gitaren. Den har i tillegg stålstrengar, så ein får litt meir lyd frå den enn kva den herlege Ponny-gitaren kunne levert.. Men det stoppar ikkje der! I samme slengen, kjøpte eg ei munnharpe.
Derfor enda eg opp med denne gitaren. Den har i tillegg stålstrengar, så ein får litt meir lyd frå den enn kva den herlege Ponny-gitaren kunne levert.. Men det stoppar ikkje der! I samme slengen, kjøpte eg ei munnharpe.Så då blir det opp til dykk å tenkje seg fram til resultatet: To ubarberte skitne menn, ein gitar, ein melodica og ei munnharpe.. =)
Så takk til MinMusikk for god rabatt på gitar, gitarbag, gitarstemmar og munnharpe!
Noreg, Sverige, Danmark, Tyskland, Frankrike, Spania og Marokko helsar også! ;)
Turplanleggjing for full musikk!
16.07.2008
Tidlegare i sommar reiste eg og ein vennegjeng til Spania for å nyte livets glade dager. Fire dagar med sol på to veker og to innbrot i huset vårt på fem dagar, gjorde dei glade dagane litt mindre glade. Dette skrekk-eksempelet av ein tur, har likevel bidrege positivt med tanke på haiketuren vi snart legg ut på..


Inn i mellom regnbygene, klarte eg nemleg å få til ein avtale om spelejobb (les: gitar, munnharpe og melodika) på ein restaurant (bak rundkøyringa på biletet over) i ein liten kystlandsby som heiter Moraira. Utsiktene for eit godt måltid mat er også gode! Så då spørs det berre om vi kjem oss dit.. =)
Ordbøker i boks!

Startdatoen for avreise nærmar seg med stormskritt, og hærskaren med sponsorar, begynner å vakne til live! Mellom anna kan vi nemne at vi har fått på plass to reiseordbøker på fransk og spansk! Saman med ei kart-bok, er nok desse to bøkene vår mest verdfulle bagasje, dersom ein ikkje reknar i kroner og ører, men i nytteverdi. Så vi vil rette ein stor takk til vår kjære bokhandel i Volda, Haugen Bok, for vélvilje og god støtte til prosjektet!
Torgeir på NRK P1 Østfold!
14.07.2008
Torgeir var i dag på intervju hos NRK Østfold i programmet "Morran".
Det må sies at dette ble tatt opp svært tidlig (for Torgeir), og det er derfor han høres relativt trøtt og lite entusiastisk ut. Dette er ikke riktig. Hehe.
Det må sies at dette ble tatt opp svært tidlig (for Torgeir), og det er derfor han høres relativt trøtt og lite entusiastisk ut. Dette er ikke riktig. Hehe.
Solcelle-lader i boks!
23.04.2008
For å holde denne siden oppdatert under turen, tenker vi blandt annet å bruke mobiltelefonen. Det er et kjent faktum at mobiler ofte går tom for strøm når en er på tur, og i hvertfall hvis man ikke har tilgang til strøm mens man er på vei til Afrika. Derfor har Torgeir nå vært å skaffet seg en liten og hendig solcelle-lader som fungere til de fleste elektriske artikler som er greit å ha med seg på reise. På denne måten har vi ingen unnskyldninger til ikke å oppdatere reisebloggen. :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)