Hvor langt haiket vi?

16.09.2008
Vi klarte å haike sammen helt fra Norge til Spania. Vi hadde haiket var 3154km da vi nådde Barcelona. Der splittet vi lag, og André fortsatte å haike videre 1327 kilometer helt til Afrika og Marokko! Med andre ord tok reisa 4461kilometer alt i alt. For en tur!

Hara

Bare litt morro litt utenfor Reims i Frankrike.

Mission Completed!

06.09.2008
Eg kom meg over stredet, og no skal eg straks tilbake. Berre sett på kjøtkakene mamma - no kjem eg heim!

Meir info og bilder frå opphaldet i Marokko og siste del av Spania legg eg ut så snart eg kjem heim..

Med andre ord: "Festen er ikkje over - det er kake igjen!" ;)

MEN målet er nådd! :)




Farvel Europa!


I dette øyeblikk sit eg på ferja til Marokko. Om 40 minutt er målet nådd! ;)

Billetten til Afrika er bestilt! ;)

I morgon er dagen prosjektet vårt blir fullført! Billetten over til det Afrikanske kontinentet er bestilt! Eg fekk den ikkje gratis, men eg klarte å ordne ein liten rabatt! ;)

Afrika neste!

05.09.2008
No er eg snart i mål! Eg fekk som sagt haik i går med ein trailer frå Málaga til Algeciras.. Med andre ord er det berre båten over som står att på reisa!

I dag har eg vore i dårleg form. Magen er god som gull, men eg har vore skikkeleg forkjølt og verker i heile kroppen.. Derfor tok eg meg friheita å innlosjere meg på eit hotell i dag, ein halv dag på forskot, slik at eg kunne kvile litt før eg sett inn siste stikk..

No trur eg forma er god nok til å kome over havet.. Så då stikk eg for å sjå om eg finn ein båt.. ;)

O' hjul med din glede!

04.09.2008
Eg kom i dag fram til Málaga! Sidan eg har vore så heldig med lange haik, bestemte eg meg for å ta ein roleg dag på stranda i dag, og det trengte eg! :)

Då eg hadde fått nok av turistlivet, bestemte eg meg for å fortsette haikinga.. Eg gjekk då bort til eit stort hamneområde og spurte nokre trailersjåførar om kvar dei skulle. Ein av dei skulle til Algeciras, byen eg skal ta båten frå! Eg sette på kattungeblikket, skrudde godhumøret på toppnivået og spurte fint om eg kunne få haik. Han snakka heldigvis litt engelsk, for då fekk eg sjans å forklare litt om opplegget.

Mannen var framleis litt skeptisk, men ba meg kome tilbake seinare i kveld, så han kunne få tenke litt på det. Han måtte uansett få unna kviletida si.

Av erfaring, veit eg at om dei seier at eg må kome tilbake på eit gitt tidspunkt, bør eg kome tilbake i god tid før det, viss ikkje stikk dei av. Så i dag kom eg to timar før han ba meg møte opp. Sjåføren var der framleis, og han sa at eg skulle få bli med til Algeciras! :)